torsdag 16. september 2010

Dokketeater Pattedyrpuls

I
Eg har ikkje noko å gå med. I skåpet heng flaggermusvengjer, pølseskinnstights, renneløkkjetoppar og sekstimetersundertøy. Ingenting passar. Eg dreg strømpebuksa nesten over hovudet og trekk magen inn til eg ser ut som ein greyhound. Greyhounden er ei mynde, og ofte brukt i hundeveddelaup. Dei kan finne på å spurte til hundehjarta eksploderer og dei fell tungt mot bakken. Eg ser inn i mine eigne hundeauge i spegelen og tenkjer at noko slikt kunne eg også ha gjort. Spurta på høghæla skor inn i natta og kollapsa framfor nattbussen.


II
Regnet høljar ned over den haustmørke byen. Det er fredagskveld og gatene er i ferd med å fyllest. Eg passerer klynger av høgrøysta kvinner og menn som ler med vidopne munnar. Over alt kring meg ser eg raude lepper, svarte gap, grådige svelg. Sigarettglør dansar som eldfluger i folkehavet. Byen er levande. Ein stor, varm kropp som pustar langsamt inn og ut. Inn og ut, natt og nikotin. Menneska skyt rygg mot regnet og ser i asfalten.


III
Eg trengjer meg gjennom ein vegg av musikk og samtaler og kjem inn i ei lita hybelstove. Kjende og ukjende sit strøydd kringom i rommet, og det er trongt om plassen. Vorspielvarmen er klam og trong.

Eg set meg på kanten av ein losliten sofa og ristar regnvatnet ut or håret. Det dryp frå andletet mitt og ned på golvteppet. Eg helser på somme og stiller meg avventande til andre. Jentene har så ettersitjande antrekk at dei liknar stappa pølser. Dei har måla på seg nattandleta sine, med glitrande beinstrukturar og junglar av augnevipper. Gutane drikk som vikingar. Augnelokka mine er sceneteppe for omverda og dokketeateret.


IV
Eg lest som ingenting, men har deg stadig i sidesynet. Du sit breibeint i ein stol på andre sida av rommet. Mellom to hjarteslag møter eg blikket ditt, som frå ein galakse langt borte. Eg smiler. Du smiler ikkje.


V
Timane renn unna som sand, støynivået aukar og alle vert betre venner. Eg fører samtaler til høgre og venstre. Lars har pene hender, stripete genser og snakkar som om han kunne bli stum kvar augneblink. Gina har frekner, glipe mellom framtennene og meiner Coldplay er Gud si gåve til menneska. Jonathan har ei ørn tatovert på aksla og ein tiger i andletet, men seier ingenting som er verd å hugse. Eg nikkar med hovudet i takt med musikken som stangar mot trommehinnene. Vi er alle samde om at kvelden er god så langt, og ber hjarta våre på skjorteerma for å få plass til meir øl.


VI
Lyset på badet er kvitt og hardt. Eg set meg med ryggen mot døra og slepp taket. Den monotone bakgrunsstøyen frå stova fylgjer meg inn i mitt eige hovud. Eg freistar å finne deg i mørkret der inne, hugse den fyrste gongen eg trefte deg, men det nyttar ikkje. Det er som om du alltid har vore der: I byen, på skulen, i muskelen bakom brystbeinet. Du har lært meg å stele, eg har prøvd å lære deg at Doors var og er verdas kulaste band. Vi leikar gøyme og leite, og så langt har du vore suveren. Du er høgreist og full av gøymestader.

Rommet går rundt og rundt og rundt. Eg klamrar meg til baderomsflisene og prøver å nyte det, prøver å forstå kvifor vi lever for denne tilstanden. Desse endelause tåkenettene som ein aldri hugsar noko av, anna enn bråk og kaos. Ein stad i minnet mitt ler du.

Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju, åtte, ni, ti.
Eg reiser meg.


VII
Lars ler hysterisk. Gina halvsøv. Jonathan har teke av seg T-skjorta. Du har gøymt deg inni hettejakka, vinflaska di er tom. Inn i mellom blæs du røykringar i mi retning, men dei løyser seg opp lenge før dei når meg.


VIII
Fuglebrystet ditt hevar og senkar seg med bevisstlaus ro. Du er behageleg å sjå på når du søv, likevel torer eg ikkje å leggje meg nærare. Eg studerer andletet ditt på avstand, trekka som vanlegvis er gøymde inni hetta. Du er ikkje spesielt vakker dersom ein ser etter. Nasen er skeiv og munnvikane vender nedover. Eg lurer på om du gøymer deg også i svevne.

Du kjem ikkje til å hugse noko av dette. Kroppen din hugsar berre dersom knoklar knekk eller det er tilstrekkjeleg blod og blåmerke. For meg er det annleis. Kvar tåkenatt saman med deg vert ein ny årring.

Eg kjem til å tenkje på flystyrten i Andesfjella, der dei forkomne til sist måtte ete kvarandre for å overleve, og det slår meg at ingne av oss hadde nølt med å gjere det same. På ein måte er vi allereie i gong. Eg kan ikkje bestemme meg for kva som manglar, men du har teke noko som er mitt. Eit ekko slår mellom tomme veggjer i kroppen min.


IX
Utanfor vindauget har det byrja å lysne. Det går mot dag, byen vil snart ta på seg eit anna andlet. Du pustar i langsame drag utan å vite at eg høyrer på, og frå tid til annan snur du uroleg på deg. Eg veit at eg må gå før du vaknar. Slik er reglane for gøyme og leite. Kva som skjer med regelbrytarar har ingen sagt noko om.

På vegen ut møter eg augo mine i ein herpa spegel på veggen. Dei er pattedyrblanke og tause. Eg veit at dei høghæla skorne mine ligg ved ytterdøra, og tanken får munnhola til å smake jern.

Ein, to tre, start.

1 kommentar: