Viser innlegg med etiketten blogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blogg. Vis alle innlegg

onsdag 2. februar 2011

onsdag 5. januar 2011

Kval&Actionfilm skriver om kjærlighetssorg:

Dei seier at nokon har uhell i spel, hell i kjærleik. Eg har det motsatte, hell i spel, uhell i kjærleik. Eg vinn i bingo, loddtrekningar, på flakslodd og finn alltid mandelen i grauten. Eg har vunne masse pengar, kamera, fruktfat og blokkfløyte. Då eg var liten stakk eg alltid av med førstepremien på bygdebasarar, pappa rista på hovudet då eg kom heim med kransekaker høge som hus og han spurte mamma kva han skulle gjere med denne ungen som vant alt den kom over. Men som ordtaket har bestemt, eg har uhell i kjærleik. Eg har blitt såra så sterkt at eg ikkje har visst om eg kan overleve det samme ein gong til. Og sjølvsagt kjem det alltid ein gong til. Og eg overlever alltid. Eg har hatt så vondt i hjartet at eg har kasta opp, eg har ringt til pappa og grene i telefonen og han har sagt at det går bra, og eg har sagt nei det gjer ikkje det og han har ikkje visst kva han skal sei. Meg og kjærleik er farlig kjemi. Første gong eg hadde kjærlighetssorg var eg 17 år. Eg fekk sjokk, for eg visste ikkje at kroppen min var i stand til å føle så sterkt. Eg grein foran læraren min, som tok meg med inn på eit grupperom og gav meg ein kopp te, earl grey, og ho fortalte meg om den gongen ho blei dumpa på ein resturant. ("Jeg tror kanskje du skal gå alene hjem i kveld", hadde han sagt.) Eg måtte flytte inn hos venninnene mine, for eg orka ikkje sove åleine om natta, eg kunne ligge på golvet og grine så mødrene deira måtte komme inn å trøste meg, og fortelle meg om sine verste kjærleikssorgar. Og ingenting hjalp. Eg klarte ikkje å ete, eg drakk Cola for å ikkje sulte ihjel, Cola som blanda seg med snørr og tårer i munnen. Eg kunne ikkje høyre på musikk eg likte, for alt som fekk meg til å føle meir gjorde vondt. Eg kan ikkje komme på noko som kan gjere meg meir gal enn kjærleik. Ikkje dødsfall. Ikkje sjukdom. Det kan eg akseptere, det er livet, seier dei. Kjærlighetssorg er unntakstilstand. Ein gong prøvde eg å oversjå det. Nei, eg vil ikkje, tenkte eg og sletta alle spor etter han. Inni meg grein eg, men eg stod opp, gjekk på skulen, gjekk på fest, sprang rundt og var sterk og når eg kjente at tårene kom berre holdt eg dei inni meg, heilt til dei begynte å redde nedover igjen, ned i halsen og ned i nasa. Ein heil vår stod eg på badet og snøyt ut tårer eg ikkje ville ha, etterkvart gløymte eg at det var tårer eg snøyt ut, det var som å ete, puste, sove, kysse.

Det er ingenting som hjelp.


Du er forelska i nokon som ikkje er forelska i deg og det er berre å vente. Det hjelp litt å ligge med andre, det hjelp også litt å drikke seg full ilag med venner. Det viktigaste er at du har gode venner som forstår at du er heilt klin kokos for øyeblikket, at dei orkar å høyre på alt det du har behov for å snakke om, at dei tåler at du ringer til alle døgnets tider for å grine. Det har eg hatt og eg føler eg skuldar dei pengegåver, blomar og konfekt for alle timane dei har venta ilag med meg. Og ein ting som alltid funkar er å lage noko. Kva som helst. Eg laga ein gong ein skulptur av hønsenetting og gips då eg hadde det som verst, den blei så stygg og trist at når eg ser på den i dag må eg berre le. Men det hjalp. Eg brukte lang tid på den stygge skulpturen min, og det er ein fin måte å distrahere seg sjølv på mens du ventar på at den sinnssvake tilstanden din skal gå over. Legg energien i andre ting, la det gå ei årstid og vent på den dagen du våknar opp og den første tingen du tenker på ikkje er han/henne, men kanskje den andre eller tredje tingen. Og då kan du sei "fuck you fuckface".

mandag 22. mars 2010

Jeg er ikke så veldig moteinteressert, så jeg følger The Sartorialist mest på grunn av at folka han fotograferer er så fine.Sorry, but being "fashion forward" seems so unimportant when you can look like this.

Alle bildene er linket til innlegga sine

tirsdag 16. mars 2010

Mer fra inspire me now





onsdag 24. februar 2010

I disse OL-tider


OH JOHNNY WEIR. You are the Lady Gaga of figure-skating: dramatic; quite talented; prone to wearing crazy shit and saying provocative things; possibly inspired by Grace Jones; and very very likely to perform "Poker Face".

fredag 22. januar 2010

The Sartorialist
"I started The Sartorialist simply to share photos of people that I saw on the streets of New York that I thought looked great."






tirsdag 19. januar 2010


Get it? Periodic table?

tirsdag 1. desember 2009

Speaking of, I'm relieved to be able to air this in a public forum: How shitty are Avril's friends, as portrayed in her seminal work, "Sk8tr Boi?". According to the song, this dude they all went to school with, and on whom Avril had a secret forbidden crush, turned into a rock star. And she discovers -- whilst home alone with her baby -- that he's having a local concert. So she calls her friends, and, I quote, "They already know. They've got tickets to see his show." WTF! Why didn't any of these so-called friends call her and say, "Dude, Frank (or whoever) is like a ROCK STAR now! Isn't that crazy? He's playing here Friday night -- do you want to come?" Instead, they're all going out to party and leaving her at home alone! It's mean. I think Avril's biggest problem herein is not that she lost her rock star high school crush, but that her friends blow. Also, I just realized that the person in that song to whom that happens is not Avril, but some other girl, and Avril is rubbing it in that she's dating Frank the High School Rocker now. Avril, that girl doesn't have any friends and you got the guy, so maybe stop gloating.

(Btw, den sangen er nok et flashback til åttende >_<)

mandag 9. november 2009

Jeg hadde helt glemt at jeg fulgte denne bloggen, til det i dag dukket opp masse nye innlegg på BlogLovin.






Flott da.